Golvmåling

Har du eit gammalt tregolv som ser slitt og stygt ut? Visste du at eit gammalt tregolv kan få ein heilt ny glød dersom ein målar det? Maler Rune Skilbrei AS utfører måling av alle typar golv, og kan hjelpe deg å finne det rette fargevalet.

Takmåling

Vi utfører takmåling. For ufaglærte kan ein slik jobb vere ei vanskeleg affære. Hos oss er arbeidet i trygge hender!

Måling av veggar og møblar

Det skal ikkje så mykje til for å fullstendig forandre eit heilt rom. Kva med å måle stova på nytt? Lyse overflater skapar rom som verkar større og meir innbydande. Ønskjer du ein kontrastvegg i stova, gangen eller på soverommet – måla eller tapetsert? Vi hjelper deg med å finne rett løysing.